Katrine Sele fekk presseprisen

(02.10.05) Firdajournalist Katrine Sele er tildelt presseprisen til Sogn og Fjordane journalistlag 2005. Sele får prisen for sin artikkel om Ole Johan Grønskag, ein ung dramatikar frå Kalvåg som tok sitt eige liv i mai 2004. Sjå grunngjevinga frå Solveig Barstad, Arild Nybø og Arill Rise i juryen her.

Juryen for presseprisen 2005 har bestått av journalist og programleiar i TV2, Solveig Barstad, informasjonsleiar i Fiskebåtredernes forbund, Arill Riise, tillegg til informasjonssjef i Helse Førde, Arild Nybø, som var leiar for juryen.

Nybø ba dei andre jurymedlemene vurdere habiliteten hans i forhold til at eitt av bidraga handla om ein av institusjonane i Helse Førde, og det faktum at han tek til i avisa Firda ved årsskiftet, og har fartstid i NRK som også hadde levert bidrag. Jurymedlemene Barstad og Riise fann i dette høvet ikkje vanskar med habiliteten til Nybø, ikkje minst så lenge juryen var samrøystes slik den vart i dette tilfellet.





Prisvinnaren Katrine Sele frå utdelinga på Frønningen.

Juryen uttalar følgjande om presseprisvinnaren 2005:

Årets prisvinnar evnar å gje oss innsikt i eit vanskeleg emne på ein heilt ny måte. Dagens journalistikk blir skulda for å
vere grafsande, og for å åpne folk si inste grind slik at dei blir forsvarslause. Journalistikken til årets prisvinnar er eit prov på at det motsette er fullt mogleg.



Journalisten får prisen for ein lengre artikkel som er nyskapande, nærast poetisk i forma, om psykisk sjukdom og tabuemnet sjølvmord. Den handlar om Ole Johan Grønskag, ein ung dramatikar frå Kalvåg som tok sitt eige liv i mai 2004. Prisvinnaren hadde fulgt opp Grønskag i eit par år i samband med to av teaterstykka hans. Etter han døydde kom ho i kontakt med veslebroren Aleksander som hadde svært mykje klokt å seie både om det presset familien hadde levd under, om kor mykje Ole Johan hadde betydd for han, og om korleis han likevel hadde greidd å forsone seg med broren sin død.

Journalist Katrine Sele fortel sjølv at ho strevde svært med å skrive artikkelen, især fordi sjølvmord er eit veldig betent tema. Artikkelen fekk god respons, og vart trykt på nytt veka etter i Firdaposten.

Sele si sak får fram ein røyndom som vi alle har nytte av å få vite om. Ho seier det var viktig å skildre forsoninga, men håpa samtidig at ho fekk fram noko av den grenselause sorga som familien har måtta lide. Juryen meiner at Sele meistrar denne balansegangen til fulle.
Gjennom veslebroren Aleksander fører Katrine Sele lesaren så nær tragedien at vi alle må reflektere over livet. Artikkelen er dessutan godt oppbygd dramaturgisk, noko som gjer at lesaren ikkje kan unngå å lese alt frå A til Å, og på den måten får med seg heile historia.

Juryen håpar at ein pris til Katrine Sele også er ei oppmuntring til andre journalistar om å ta tak i vanskelege emne utan å ta snarvegar eller grep som skal sjokkere. Ein pris til Katrine Sele er ein heider til ein stor forteljar. Ein samrøystes jury gjev derfor Presseprisen 2005 til journalist Katrine Sele for artikkelen ”Å leve med ein som vil døy” i avisa Firda.

På same tid vil juryen nytte høvet til å gje heiderleg omtale til Katrine Sele for sine uredde kommentarar i same avis, der ho stiller spørsmål ved dei etablerte haldningane i kulturlivet i Sogn og Fjordane. Ein kommentator må tore å hevde synspunkt som kan engasjere og skape debatt. Sele er i ferd med å bli ei stemme det er verd å lytte til også på dette feltet.

 

Førde, 29. september 2005

Arild Nybø                             Solveig Barstad                   Arill Riise
(sign.)                                     (sign.)                                     (sign.)
Juryleiar                                 

Sjå også:

NRK Sogn og Fjordane skriv om prisane:
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/5106727.html

Firda skriv om prisane:
http://www.firda.no/nyhende/lokalenyhende/article1766744.ece

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING