Kjære NRKJar!

(31.10.05) Det 19. årsmøtet i NRKJ er historie.

Dette årsmøtet tok lønnsdebatten eit steg vidare. Med 45 mot 4 røyster sa årsmøtet ja til at vi skal ha eit lønnssystem med ei eller anna form for personlige tillegg. Debatten om kor vidt vi skal ha individuell lønn eller flat lønn er såleis død. Alle som tok ordet i debatten kravde endringar i dagens system. Dei konkrete forslaga blir det jobba vidare med i ei gruppe samansett av kunnskapsrike og engasjerte tillitsvalde.

Dessverre måtte vi vedta ei fråsegn om handsaminga av vikarar på dette årsmøtet også. Vi bruker ordet dessverre fordi årsmøtet i fjor også vedtok ei fråsegn, men lite er blitt betre i løpet av året som er gått. Det nye styret har møte 15. desember. Då skal vi diskutere korleis vi skal jobbe vidare med dette problemet.

Det neste året vil vi også fortsette å styrke organisasjonen vår. Klubbleiaråret må videreførast i ei form. Det er enno eit stykke igjen før vi er 100 prosent utrusta. NRKJ skal ha dei beste, mest proffe og fleksible tillitsvalde i NRK. Nivået er allereie høgt. Utfordringa er å halde det oppe og sikre at det gode engasjementet held fram. For å få til det må vi ha ein sterk ryggmarg i organisasjonen vår. Styret må vere godt. Oss i leiinga tilsvarande. Proffe tillitsvalde får respekt. Har vi respekt klarar vi å påverke.

Det forrige styret ba årsmøtet om eit råd vedkomande fordelinga av lokalkontingenten. Rådet var eintydig: Ikkje kødd med pengane våre! Det kjem vi ikkje til å gjere. Men då forventar vi at klubbane brukar pengane på fornuftige tiltak som kjem medlemmane til del. Slik aktivitet styrkar klubben. Og ein sterk klubb som spelar korta sine rett får naturlig plass rundt møtebordet. Så bruk pengane de har på bok! Men bruk dei på meir enn pizza og øl.

Lønnsoppgjeret til våren blir ei stor og tung oppgåve. Framover kjem vi til å bruke mykje tid på å førebu og gjennomføre forhandlingane.

Vi har fått eit nytt, godt styre. Styret er der for å få denne organisasjonen til å gå rundt. Og vi tre på kontoret i Brakka er der for å hjelpe, diskutere og snakke med. Både for tillitsvalde og medlemmar. Vi er alltid tilgjengelige. Og vi vi er spesielt glade for å bli inviterte. Vi har som mål å besøke mange klubbar og flest mogleg medlemmar i året som kjem. Østfold og Finnmark står øverst på reiselista.

Takk for tilliten. Vi gledar oss til året som ligg framfor oss.

 

Leif-Kjartan Bjørsvik                          Pål Hansen
Leiar                                                  Nestleiar

 

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING