Klar for vårmoro og interessante fagtema?

(07.04.09) I såfall må du melde deg på vårseminaret på Eid snarast. Påmeldingsfristen er 10.april

NJ Sogn og Fjordane sitt årlege vårseminar går av stabelen på Nordfjord Hotell på Eid 25.-26 april. Det er framleis råd å melde seg på. Påmeldingsfristen går ut 10.april.

Operaomvisning

Vi opnar vårseminaret med ein god lunch 12.00 på hotellet. Etter ein god time her, får vi ei eksklusiv omvisning på det nye Operahuset på Nordfjordeid.

 For dei som ønskjer å sjå operaframsyning søndag, er det mogleg å sikre seg ein av dei 20 billettane som NJ-styret har forhåndsbestilt. Så om du vil få med deg litt høgkultur søndag 14.00, må du gi  underteikna beskjed snarast.

Matnyttig

Etter operaomvisninga, tek vi til på det faglege programmet laurdag 14.00. Vi kan framleis ikkje røpe kva som står på menyen her, men at det blir matnyttig og interessant, er i alle fall sikkert.

Tall Ships Races

Etter ei kaffipause rundt 15.30, startar den neste fagbolken vår 16.00. Her står Tall Ships Races på menyen, og NRK Sogn og Fjordane-journalist Eva Westvik kjem  for å fortelje om sine opplevingar knytt til det å dekke arrangementet.

Vi set også eit kritisk søkjelys på media og vår eiga handtering av saka.

 Ordførar Roger B. Silden kjem for å fortelje kva inntrykk han har av media si dekninga av arrangementet.  I tillegg er det fleire andre personar som er aktuelle for å vere med i denne fagbolken.

Ekstraordinært årsmøte

 I samband med vårseminaret,  blir det eit ekstraordinært årsmøte der ny SFJ-leiar står på saklista. Dette står på menyen 17.00.

… og så startar festen

Etter alt det faglege, er det sjølvsagt mykje tid til å ha det sosialt og kjekt ilag.

Middag og underhaldning går frå 20.00 og utover i dei seine nattetimar…

Meld deg på i dag til  fylkessekretær Astrid Solheim, astrid.solheim@firda.no    

( mobil: 911 49 816)

 

 

 

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING