Det var det klare kravet frå dei 24 tillitsvalde som torsdag 12. og fredag
13. februar var samla i Bergen til tariffkonferanse. Frå forhandlingsutvalet
(FU) i NJ møtte Finn Vågå (Stavanger Aftenblad) og Frode Søraas
(TVTrøndelag), i tillegg var også Stein Larsen med frå NJ-administrasjonen.
I fleire konsern har det dei siste åra vore sterke angrep på eksisterande
pensjonsavtalar. I TV2 Nettavisen enda det med at dei tilsette fekk brukbare
avtalar, medan tilsette i Orkla og A-Pressen har fått forverra sine
pensjonsordningar.
Kampen står om ytingsbasert eller innskotsbasert pensjon, og framfor alt er
det ein kamp for å få innført pensjon for dei som i dag er heilt utan slike
ordningar.
I tillegg kom det også fram ynskjer om å prioritera auke av ulempetillegga,
generelt kronetillegg, forenkling av feriedagane til den sjette ferieveka,
og ikkje minst ei betring for dei mellombels tilsette.
1. eller 2. mars vil NJ sitt forhandlingsutval leggja fram sitt forslag til
årets krav, FU har då vore på turné rundt om i heile landet, i tillegg til
at dei har fått innspel direkte frå ulike delar av organisasjonen.
Landsstyret gjer eit endeleg vedtak om årets krav 23. mars, og
forhandlingane med MBL startar så kring veke 17.
Så vil det visa seg om MBL er viljuge til å sikra alderdommen for alle
journalistar, eller om 2004 vert eit streikeår.
![]() |


