Hovudfeiringa denne kvelden skal skje i det som ein gong var eit av Norges største industrisamfunn, Visnes på Karmøy.
Men først skal festdeltakarane få høve til å sjå innsida av det nedgravde og særprega Nordvegen historiesenter på Avaldsnes. Her blir det film og omvising slik at du får grunnleggjande kunnskapar om korleis det eigentleg starta med nasjonsbygging i Norge.
Du legg samstundes eit avgjerande grunnlag for å kunne føra ein meiningsfull, inviterande, suksessrik og intellektuell konversasjon med dei andre festdeltakarane denne kvelden, som neppe blir lik nokon annan kveld du før har opplevd.
HJ syter for skyss frå Haugesund til Visnes via Avaldsnes.
Det blir og ordna skyss frå Visnes tilbake til Haugesund når den gode og humørfylte omgangstonen er i ferd med å ta illevarslande retningar.
Dei som kan argumentera for behov for overnatting i Haugesund frå fredag 13. til lørdag 14. juni, skal få tilbod om det utan grundig behovsprøving.
HJ-styret kjem tilbake til endå fleire avsløringar om innhaldet og servering i sommarfesten etterkvart.
Men du kan alt nå melda deg på til HJ-kasserar Eli Osland, eli.osland@haugesunds-avis.no.

