Vintersamling 2009
Laurdag 14. – Søndag 15. mars kl 1100 på
Stranda hotell, Stranda
Kontaktperson: Bjørn Steinar Skarbø, tlf. 90 66 26 27 eller tlf. arb. 70 27 08 00.
Ny offentlegheitslov
Det har kome ny offentlegheitslov som har vore verksam i snart to månader. Kva skil den nye lova frå den gamle og kva er nytt og vakkert med omsyn på innsyn i offentlege dokument?
Ved Kristine Holm, Norsk presseforbund; mellom anna sekretær for offentlighetsutvalget.
Framfor landsmøte i NJ
Det går mot landsmøte i NJ. Frå MRJ si side vil vi høyre medlemmenes meining om korleis NJ bør utvikle seg og korleis organisasjonen skal prioritere sine ressursar dei komande to åra.
Eigarskapsutvikling i media på Nordvestlandet
Edda media sine verksemder på Sunnmøre har kome i spel og det er naturleg å følgje opp dette i høve den utviklinga som skjer.
Nye publiseringsplattformar og nye reiskap for sportsjournalistikken
Om nye muligheiter for fortløpande publisering av nyhende frå sport og andre hendingar.
Rådmannssaka i Stranda
Ei av dei store sakene i media på Sunnmøre i fjor haust var rådmannsaka i Stranda der lokalavisa Sunnmøringen og ordførar Frank Sve kom opp i strid, for å seie det litt rundt.
Sist men ikkje minst!
Mediebandet 2009
Eit spesielt band sett saman for dette høvet og som skal spele til underhaldning
og dans på Vintersamlinga. Bandet er sett saman av drivne musikarar frå
mediekrinsar i Ålesundsområdet som på denne måten tek seg av å skape stor og
god stemning ”throughout the hours”.

