Klassekampen støtter Dagbladklubben

(26.05.05) NJ-klubben i Klassekampen ønsker å uttrykke støtte til
redaksjonsklubben i Dagbladet i den nedbemanningsprosessen som er i gang

NJ-klubben i Klassekampen ønskjer med dette å uttrykkja støtte til redaksjonsklubben i Dagbladet i den nedbemanningsprosessen som er i gang. Våre kollegaer i Dagbladet har handla heilt rett når dei har nekta å godta kuttplanane utan å få servert ein plan frå ansvarleg redaktør Eriksen som kan visa korleis omstillinga skal gjera Dagbladet til eit betre redaksjonelt produkt.

Vi har inga tru på at stillingskutt i redaksjonen kan betra det redaksjonelle produktet. Ei avis må vurderast ut frå den redaksjonelle kvaliteten, og dei som står for denne stoffproduksjonen er kjerna i institusjonen Dagbladet. Dei er ikkje ein utgiftspost som kan kuttast uten at det får konsekvensar.

Vi håpar prosessen ikkje ender med nedlagde regionskontor eller oppseiingar. Og vi håpar markeringane til redaksjonsklubben i Dagbladet vil opna auga hos leiinga slik at dei kan presentera ein truverdig plan for korleis omstillingane skal gjera avisa betre for lesarane, og ikkje berre meir lønnsam for eigarane. Med dei aksjeutbetalingane til eigarane som vi nyleg har høyrt om, burde det vera grunnlag for å gi sikre arbeidsvilkår for fleire som no er "mellombels" i staden for å kutta i talet på tilsette.

Lykke til, og stå på!

Med helsing

For redaksjonsklubben i Klassekampen

Magnhild Folkvord, klubbleiar

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING