Klassisk rock på seminar-nachspielet

(06.03.07) Journalistlaget er så heldige å få rockebandet Blofeld til å underhalde i Biblioteket etter festmiddagen på laurdagskvelden. Blofeld er eit av banda til SFJ-kasserer Geir Arne Solheim. – Det mest leikne, improviserande og uhøgtidelege bandet eg har. I tillegg til eige materiale er setlista full av rockeklassikarar frå 70- og 80-talet.



Kan nemne band som Thin Lizzy, The Beatles, Deep Purple, Black Sabbath, Iron Maiden, Twisted Sister, Dio, Kiss osv. Mykje å ta av, mykje å verte glad av, seier Solheim.

Blofeld har alltid gått eigne vegar. Dei har til no berre gjeve ut gratisplater som kan lastast ned på nettet. Halvparten av platene er live-innspelingar frå ulike spelejobbar rundt forbi. For det er live som er tingen. Og det er ikkje så farleg om det går på trynet, for det er augneblinken saman med publikum som tel, ikkje kva kritikarane seier etterpå når magien er over.

License to Rock

- Bandnamnet er henta frå James Bond-skurken Blofeld, og alle platene våre har namn etter James Bond-filmar der vi byttar ut eit originalt ord med rock. Enkelt og greitt. Til no har vi til dømes gjeve ut Rocktopussy, Thunderrock, From Russia With Rock, Live and let Rock, Moonrocker og Rock Your Eyes Only. Enkelt og greitt, smiler Solheim, og legg til at plata You Only Rock Twice er under produksjon.

  Saman med seg i bandet har Solheim broren Trygve Johan Solheim (alias TJ Cobra), som no er plateaktuell med trondheimsbandet Memorized Dreams. Han spelar bass og er vokalist i Blofeld. Han er først og fremst vokalist, og er rekna for å vere i Noregstoppen som heavy metal- vokalist. Vert ofte samanlikna med Ian Gillan, Bruce Dickinson og Ronnie James Dio. På gitar og vokal finn vi Kyrre Stegane, ein reinkarnasjon av Ace Frehley og Ritchie Blackmore med sitt leikande og improviserande gitarspel. Sjølv er Geir Arne Solheim samanlikna med trommisar som Vinnie Appice, Nico McBrain og Ian Paice. Her vert det ikkje spart på krutet. Kvart slag er fylt med både tyngde og groove, og det kan til tider gå fort. Svært fort!

 

Spesialopplegg

Fordi bandet er så uredde, tilbyr dei artige tilleggstenester som Rock Quiz og Live Karaoke. Saman med styret i Journalistlaget planlegg bandet premiere på eit heilt spesielt opplegg utpå laurdagskvelden der interaksjonen mellom band og publikum vil få ein ny og unik dimensjon.

 

Get ready to rock!



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING