Klubb-rolle snart klar

(17.05.02) Retningslinjer for kva rolle klubben skal spele ved tildeling av 1/3-potten blir no utarbeidd. Under klubbleiarsamlinga måndag og tysdag var dette eit hovudtema. Kringkastingssjefen møtte også klubbleiarane og slo fast at det er eit mål å skape lønnsskilnader i NRK.



Den nye Journalistavtalen slår fast at alle journalistar i NRK skal gjennom ei årleg lønnsvurdering basert på faglig dyktigheit, sjølvstende, arbeidsprestasjon, multifunksjonalitet, resultat i henhold til fastsette mål og endringar i arbeidsoppgåver eller ansvarsområde knytt til den stillingen du har. Etter at denne vurderinga er gjort av næraste leiar med personalansvar, skal 1/3 få eit individuelt tillegg. I år er tillegga på 5000 og 10.000 kroner.

Spørsmål som kor mykje klubben skal engasjere seg i tildelinga, kor mykje skal ein argumentere for enkelpersonar, kor offentleg skal tildelinga vere er blant problemstillingane som har kome opp etter lønnsoppgjeret. Under klubbleiarsamlinga på Gardermoen denne veka blei spørsmåla diskuterte. Under arbeid i grupper prøvde vi å kome fram til felles svar og retningslinjer. Klubbleiarane, forhandlingsutvalet, styret i NRKJ og NJ-folk var samla for å oppsummere lønnsoppgjeret og gå grundig gjennom det nye lønnssystemet og den nye avtalen.

Konklusjonane frå gruppene blir no oppsummerte på NRKJ-kontoret før endelige retningslinjer blir utarbeidd og distribuert til alle klubbane.

Ellers var det innhaldet i og konsekvensane av det nye lønnssystemet som opptok klubbleiarane mest. Ketil Heyerdahl frå NJ gav ei grundig innføring i korleis systemet skal fungere. Kringkastingssjef John G. Bernander slo fast at systemet treng legitimitet for å kunne fungere.

Han var enig i at erfaringane etter dei lokale tildelingane til hausten vil vere avgjerande for den vidare skjebnen til lønnssystemet. Det nye lønnssystemet fører til at kvar og ein kjem til å bli lønna individuelt. Det er altså slutt på lik lønn for likt arbeid. På spørsmål frå klubbleiarane stadfesta Bernander at det er eit mål å ha lønnsskilnader i NRK. K-sjefen slo ellers fast at sjefar som ikkje kan eller vil vere sjefar, ikkje skal vere sjefar i NRK.


Idium webpubliseringWEBPUBLISERING