Politisk streik i NJ
Det er flott at NJ har programfesta kamp for medlemmane sine rettar og for trygge arbeidstilhøve, og at NJ vil styrke stillingsvernet. I ei tid der styresmaktene prøver å undergrave arbeidstakarane sine rettar er det viktigare enn nokon gong at NJ som talerøyr for journalistar, hevar røysta og talar tydeleg og klart mot forslag som gjer våre arbeidstilhøve mindre trygge.
Det kan NJ gjere utan å tvinge alle medlemmane ut i ein politisk streik, slik landsstyret gjorde vedtak om.
Vi meiner at deltaking i ein politisk streik kan vere eit stort problem for vårt truverde som journalistar. Særleg kan det vere tilfelle for oss som arbeider i mindre lokalsamfunn der vi lever tett innpå alle grupper som blir omtala i avisene og andre media.
Vi reagerer kraftig på landsstyret sitt vedtak, teke over hovudet på medlemmane. Saka burde ha vore send til lokallaga til uttale, med oppmoding om innspel frå klubbane. Store deler av organisasjonen må stille seg bak eit så dramatisk vedtak som politisk streik.
Heldigvis vart det ikkje aktuelt å gå ut i ein politisk streik denne hausten. Blir likande aksjonar drøfta, må og grasrota i organisasjonen vere med i prosessen. Og eit hovudkrav frå oss må vere at eit politisk streik ikkje blir eit pålegg til alle medlemmane.

