Kreativ bruk av teieplikta

(22.12.03) Friske organisasjonar har openheit. Sjuke organisasjonar har problem med innsyn når dei får søkjelys på seg. Konklusjonen kjem frå fylkeslege Petter Øgar, og vart formidla under seminaret «Tause tenarar - utidige journalistar».

Arrangert i regi av Fellesorganisasjonen for barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar (FO), Journalistlaget og Høgskulen. Eit høgst aktuelt tema med bakgrunn i Svanhild-saka og saka om 14-åringen i kyrkjeasyl.

- Me må vri over frå å tenkja kva opplysningar kan me halda tilbake til å tenkja kva informasjon kan me gje ut, var rådet frå fylkeslege Petter Øgar til dei tause tenarar i barnevernsetaten. Øgar har lite til overs for måten teieplikta blir brukt som effektivt stengsel på informasjonsplikta i dei offentlege etatar.

Teieplikta vert handtert for lemfeldig og kreativt. Mange brukar offentlegheitslova som legitimitet for ikkje å gje innsyn. Helse Vest er eit godt døme på det, sa Øgar.

Meir offentlegheit.

Alle saker er offentlege så lenge det ikkje er gjort unntak. På samme måte kan alle be om innsyn i desse sakene. Når media bankar på og spør, er det offentlegheitslova som gjeld. Då må me finna balansen mellom teieplikt og openheit. Ved unntak av offentlegheitslova må me bli flinkare til meir offentlegheit. I dei aller fleste tilfelle er det noko i ei sak me kan kommentera, utan å gå ut over grensene i høve til identifikasjon. Det aller verste er fullstendig tausheit.

Øgar ser at det er ei stor utfordring å balansera teieplikt og openheit, men at utfordringa er heilt klart størst på det siste. Openheit er avgjerande for samfunnet sin tillit til tenestene, og eg meiner det finst ikkje alternativ. Media har rett å få vite kva saka handlar om men identiteten skal skjermast, seier Øgar. Ved fylkeslegekontoret ermediastrategien at Øgar sjølv er den som skal uttale seg i konkrete saker. Han meiner det er viktig å vera klar på kven som seier kva til kven og til kva tid.

Motspelar

Øgar sitt råd til tilsette og studentar i barnevern og sosionom, til liks med mediatilsette var at me må respektere kvarandre sine roller og jobbar. Arne Jensen, i Norsk Redaktørforening er samd i respekt-tanken, menvil likevel hevde at dei to yrkesgruppene er og skal vera motspelarar. Me skal erkjenne at me har ulike roller og utøver ulike funksjonar. Barnevernsaker er noko av det vanskelegaste og det viktigaste journalistar kan driva med. Fordi der alltid er ein part som ikkje er i stand til å forsvara eigne interesser. Likevel vert det ikkje skrive for mange barnevernsaker. Heller for få, hevda Jensen. Han har lite til overs for offentlege mediestrategiar og informasjonsplanar, som ofte endar med at dei som kjenner saken og vil snakke får ikkje lov. Og dei som snakkar kan for lite.

Eg vert engsteleg når eg les kommunane sine informasjonsreglement. Egser eit einskapeleg system som skremmer meg, seier Jensen som meiner det er livsfarleg å ha ein mediestrategi med mål om å laga ein blankpussa fasade. Media må få innsyn, men skal ha streng sjølvdisiplin og høg terskel for identifisering.

Artikkelen er skreven av Eli Grotle, Sogn Avis  


Idium webpubliseringWEBPUBLISERING