Slik lyder resolusjone frå årsmøte i Sogn og Fjordane Journalistlag:
NJ-medlemmer i SFJ skal arbeide for at frilansstoff vert betalt etter dei gjeldande rettleiande satsane til NJ.
Fast tilsette bør ikkje vere med på å sette sine eigne arbeidsplassar i fare ved å skape ein billeg frilansmarknad. Det gjev
signal til arbeidsgjevar om at det vil vere meir lønsamt å satse på fleire billege frilansarar framfor fast tilsette journalistar.
I tillegg gjev det signal om at arbeidet til frilansjournalistar er mindre verdt.
I samband med tvist/streik forpliktar NJ-organiserte frilansarar seg til ikkje å levere stoff. Klubbleiar må hugse frilansarane når det skal meldast inn kven som skal ha utbetalt streikebidrag.
Vedteken på årsmøtet 18. oktober 2003
