Kunnskap er viktig

(16.04.04) Det er konklusjonen etter tillitsrådet BJ arrangerte for alle klubbleiarar
tysdag 30. mars. Nestleiar i NJ Elin Floberghagen var saman med
forhandlingsveteran Bente Sabel på plass for å fortelja om årets
tariffoppgjer.

Av Ketil Tjore

Femten klubbar var representerte under tillitsrådet, i tillegg var også fleire av BJ sine styremedlemer til stades. Forsamlinga fekk vita at pensjon til alle og kampen for dei mellombels tilsette vert to viktige felt i årets oppgjer mellom NJ og MBL.

Etter tillitsrådet er det klart at Regjeringa lovar tenestepensjon til alle også innan privat sektor. Men det står att å sjå når dette kjem, og det er også viktig for NJ at dei som i dag har ytingsbaserte pensjonsordningar skal få behalda desse og ikkje verta tvinga over i innskotsbaserte ordningar.

Kravoverleveringa mellom MBL og NJ har funne stad, for ei oversikt over desse sjå heimesidene til NJ: www.nj.no.

Streikekomiteen for Bergen er alt sett saman, og arbeidet er sett i verk med å bestilla lokale til allmøter og streikekomiteens arbeid. Etter ein eventuell streik er det tid for lokale forhandlingar, og NJ og BJ skal denne våren arbeida for å betra kunnskapen ute i dei mindre klubbane.

Det vil i slutten av mai, eller tidleg i juni, verta arrangert eit eige lite "forhandlingskurs" til tillitsvalde i mindre redaksjonar.

Tips oss!

Hvilke saker bør BJ ta opp?
Vi vil ha dine innspill.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING