Kven fekk stipenda i år?

(25.04.08) Sogn og Fjordane journalistlag delte på vårseminaret ut 55000 kroner i stipend til fem journalistar frå fylket. Her kan du sjå kven dei var, og kvifor dei fekk stipend.

Dag Frøyen skal lage fotojournalistikk
Den første journalisten som fekk pengar i år, er ein person som har ei sterk lyst til å jobbe fram ein reportasjeserie der bildet står i sentrum. Med hjelp av foto ønskjer han å vise fram folk som han dagleg møter i arbeidet sitt, og deira mange ulike hattar.

Det vere seg personen som i kraft av jobb eller politisk verv har ei rolle (hatt), som mor har ein annan, eller medlem i filatelistavdelinga og som skyssbåtpassasjer har den tredje og fjerde.

Målet hans er å løfte fram fotojournalistikken i lokale medium. Til denne jobben får Firdapost-journalist Dag Frøyen 5000 kroner frå Aldenstipendet.

Olav Øygard lagar bok med opplevingar
Den neste søknaden var kort, og handlar om ei ny bok frå Sogn.

Saman med ein frilansjournalist er søkjaren i full gang med å lage ei bok med 52 opplevingar i Sogn, som menigmann kan gjere eller få i regionen. Han har alt fått avtale med Skald forlag om å gi ut boka i haust.

Sogn og Fjordane journalistlag håpar på eit spenstig resultat som kan vise fram opplevingar vi ikkje ser i alle turistbrosjyrar.

Til dette arbeidet får Olav Øygard 10.000 kroner frå Aldenstipendet.
 

Ny bok frå Stig Roger Eide

Neste stipensøkjar har alt ei bok bak seg. No vil han lage ei ny.

Denne gongen skal også han vise fram det flotte fylket vårt.

Han vil ta utgangspunkt i tur-artiklar han har skrive i avisa firda gjennom eitt og eit halvt år. Men han skal ikkje lage ein blåkopi av desse. Nei han skal lage ei natur og kulturbok  med eit fritt utval av aktuelle turar nær og fjernt. Han vil gjere naturen meir tilgjengeleg for alle, seier han. Og legg vekt på at dette IKKJE skal bli ei ny opptur-bok.

Det finst mange historier som få kjenner til, og desse vil han gjere kjend gjennom boka si. Vi er spente på historiene som skal få oss ut av sofakroken.

Firda-journalist Stig Roger Eide får 10000 kroner frå Aldenstipendet.


Trude Bakke reiser til Polen
Neste søkjar ønskjer å lage gravande journalistikk på nyheitssaker ho alt har jobba mykje med. For ikkje alle har hatt eit like godt møte med fylket vårt.

Dette handlar om ei av største gruppene med utanlandske sesongarbeidarar som kvar sommar inntek Sogn og Fjordane.

Bakgrunnen er fleire reportasjar som journalisten laga om sesongarbeidarane frå polen i 2007. Tilhøva var kritikkverdige for fleire av dei ho snakka med, og som reiste heim utan å få løna dei hadde krav på. Vår søkjar ønskjer å reise til polen for å mellom anna møte dei same folka i heimlandet, og dei som no ventar på å reise hit. 


For å få til dette treng Trude Bakke støtte frå Aldenstipendet! Det får ho. 10.000 kroner går til NRK – journalisten Trude Bakke.


Katrine Sele om støvsugaren 

Ein av dei mest originale Aldensøknadane vi har fått nokon sinne.

Vi var ikkje tvil, og søkjaren får det største stipendet i år.

- Kva har kvinnene i Sogn og Fjordane sitt forhold til støvsugaren å gjere med lidenskap og kvinner i Paris.

Søkjaren ønskjer å drive gravande, oppsøkjande og kunstnerisk journalistikk i samarbeid med ein fransk annerkjend kunstnar som har gjort det same prosjektet i heimlandet.

20-30 kvinner i Sogn og Fjordane skal djubdeintervjuast om sitt forhold til Støvsugaren sin.


Prosjektet skal munne ut både i ustilling og bok. Dette er eit veldig spennande prosjekt med ein humoristisk vri.

Dette er vi spente på!

Lukke til Katrine Sele, som får 20000.- kroner frå Aldenstipendet med på vegen.  



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING