Sogn og Fjordane journalistlag skal i haust dele ut prisen for årets bilete. Denne prisen vart ikkje delt ut i 2006, på grunn av for dårleg innsendt materiale.
Vi oppmodar difor no alle redaksjonar til å sette seg ned og leite etter gode pressefoto i sin eigen redaksjon. Dersom de
har kandidatar frå andre medier er det flott.
Redaksjonsklubben sender inn kandidatar med grunngjeving og bakgrunn for biletet. Bileta som alt har vunne månadens bilete
er automatisk kandidatar til årets pressefoto i Sogn og Fjordane.
Kandidatfoto og grunngjeving sender de digitalt til stian.sjursen@firda.no
PS! FRIST FOR INNSENDING ER 20.september.
Sjå også vedtektene for fotoprisen før de skriv grunngjevinga.
Dette er juryen:
Britt Glosvik, født i Førde i 1960, busett i Oslo, utdanna typograf. 13 år i Arbeiderbladet/Dagsavisen (5 av åra som layoutsjef), har sidan 2000 jobba på desken i Kommunal Rapport. Ein lauseleg gjennomgang av karrieren viser at ho har utforma godt over 50.000 avissider, 99% av desse sidene har hatt foto. Brit har mao lang erfaring i å presentere bilete og diskutere beskjæring og utval med fotografar...
Oskar Andersen (47) er født i Bergen, bur i Solvorn i Luster med kontor i Sogndal og har vore frilansfotograf sia 1995. Han har vore med som fotograf i fleire bøker m.a. “TA kaka”, “På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane “, “Fjordamat” I og II. Dei siste fem åra har han jobba på heiltid som fotograf, mest innan reklame. Har også levert stoff til Magasinet og lokalaviser.

