I fjor delte ikkje juryen ut pressepris i fylket vårt. I år håpar vi på mange gode kandidatar og ein verdig vinnar. Vi ber om at alle set av god tid til dette arbeidet. Prisen
er først og fremst heider og ære, men har også ein verdi på 5000 kroner.
Sogn og Fjordane journalistlag vil ha inn minst to kandidatar frå kvar redaksjon. Den eine kan vere intern, medan den andre
må vere ekstern. Dersom redaksjonen har fleire kandidatar er det lov å melde inn fleire. Men det må vere minst ein intern
og ein ekstern kandidat.
Søknaden må grunngjevast grundig og dokumenterast med kopi av artiklar, reportasjar, radio eller tv-saker. Vedlegga bør vere
digitale. Dersom dei ikkje er digitale må det leggast ved tre kopiar for kvar kandidat, ein til kvar av medlemmene i juryen.
Tidlegare har fleire gode kandidatar blitt kasta fordi grunngjevinga og dokumentasjonen ikkje har vore god nok. Så bruk tid
på å samle informasjon slik at juryen kan få eit godt bilete av kandidaturet.
Jury:
Bjørnar Solheim, TV2
Håkon Haugsbø, NRK og Skup.
Solveig Barstad, TV2
Anne Mette Hjelle, Annemette.no
Les også vedtektene for presseprisen før de skriv argumentasjonen.
Send kandidatane digitalt til stian.sjursen@firda.no eller i vanleg post til Stian Sjursen, Avishuset Firda, Postboks 160, 6801 FØRDE.
OBS! FRIST 20.september 2007.

