Uttalelse frå Landsmøtet om TV Haugaland
Med støtte frå MBL og NHO let TVHaugaland lærlingar innan mediegrafikk frå vidaregåande skule ta over deler av den journalistiske
drifta. Samstundes vert fast tilsette journalistar permitterte.
Landsmøtet i Norsk Journalistlag meiner dette er kynisk overfor tilsette og brot på tariffavtalen. Dette undergrev journalistane
sine rettar og fungerer som lønsdumping.
Landsmøtet krev at yrkesopplæringsnemnda i Rogaland avsluttar slike lærekontraktar. Landsmøtet i NJ krev at leiinga TV Haugaland straks ryddar opp i tilhøva.
Med dei tilhøva som eksisterer i TV Haugaland, kan heller ikkje grunnlaget for forsvarleg opplæring vera tilstades. NJ er
svært uroa over at den tariffstridige lærlingeprakisen me ser i TV Haugaland kan vera me på å undergrava dei etablerte opplæringsordningane
i høgskulane og universiteta.

