Blant sakene var rekruttering av nye studentar til NJ, diskusjon om situasjonen omkring på dei ulike lærestadene og samarbeid blant dei ulike utdanningsinstitusjonane. Laget engasjerer seg også i fleire av dei sakene som er viktige for NJ: Rettar for midlertidige, internasjonalt arbeid og frilansing. Studentlaget vedtok at ein framover vil delta i NJ si Russland-satsing gjennom eit samarbeid med dei unge journalistane i det russiske journalistforbundet (RUJ) samt eit samarbeid med frilansarane i NJ (FJ).
Årsmøtet vart avslutta med val, der sitjande leiar Lars Joakim Brissach Skarvøy (Universitetet i Nordland) vart attvald. Det same vart nestleiar Sigrid Moe (Universitetet i Stavanger) og sekretær Anne Huso (Universitetet i Bergen). Ny vara vart Munevver Yildiz (Universitetet i Bodø).

