Lars Kristian ny leiar

(23.10.03) Lars Kristian Solem frå Sogn Avis overtek som leiar i Sogn og Fjordane Journalistlag etter Jon H. Sørland. Hilde Genberg frå Firda er valt til ny nestleiar. Jan Egil Fimreite går ut av styret.

Solem er journalist i Sogn Avis og vart samrøystes valt som ny leiar i Sogn og Fjordane Journalistlag under åremøtet i Kalvåg 18 oktober. Hilde Genberg arbeider som journalist i Firda. Frode Søreide (NRK Sogn og Fjordane) og Geir Arne Solheim (Fjordabladet) var ikkje på val i år.
Idium webpubliseringWEBPUBLISERING