Lars Løkkebø kjem - kjem du til haustseminaret?

(22.09.11) Laurdag 29. og sundag 30. oktober samlar vi troppane til haustseminar på Skei. Der skal vi mellom anna diskutere korleis våre lokale medier takla den nasjonale katastrofen 22. juli. Hugs å melde deg på, både til seminar og til årets presseprisar!

Med oss til Skei, vert mellom andre Lars Løkkebø frå Telemarksavisa.

Hadde dottera på Utøya

Han opplevde den djupe konflikten mellom det å vere journalist og det å ha ei datter som var på Utøya då terroren kom til AUF-idyllen.

Les Lars sine eigne tankar om det som skjedde her: http://tabloggen.origo.no/-/bulletin/show/676093_-07-2011?ref=mst

Han skal innleie om si oppleving. Deretter vert det paneldebatt med lokale mediefolk, og sjølvsagt vil alle kunne sleppe til med spørsmål og kommentarar undervegs.

Årsmøte og fest

Etter debatten vert det årsmøte i fylkeslaget, før vi sessar oss til festkveld, med god mat og lokal underhaldning av solid kvalitet!

Sundagen held Bent Are Iversen kurs i enkel fototeknikk (elementær kunnskap som blending/ lukkar o.l.). 

NB! Hugs å melde deg på innan 21. oktober til vidar.gudvangen@nrk.no

NB! Pressepris og fotopris

Tradisjonen tru vil fylkeslaget dele ut prisar til det ein jury held fram som årets beste journalistiske arbeid i fylket.

Send inn i ditt eller din redaksjon sitt bidrag til bent@firda.no innan 3. oktober.

Det skjer på Skei

Åstad for årets seminar er altså Skei Hotell. Dette hotellet ligg om lag midt i fylket, og har blitt betydeleg oppgradert dei seinare åra. Vi er lova god mat og god førjulsstemning!

I tillegg kan styret love at det vert god musikalsk underhaldning - og vi er sjølvsagt opne for innspel til både det faglege og det sosiale denne helga.

I tillegg til haustseminar og årsmøte, er dei tillitsvalde i klubbane kalla inn til tillitsråd fredagen.

 

Publisert av Geir Bjarte Hjetland 

 

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING