Lat opp døra, Thorsnes

(27.10.03) Sogn og Fjordane Journalistlag finn det underleg at styremøta til Helse Førde framleis er lukka. Då styreformann Tore Thorsnes tiltrådde vervet som styreformann for Helse Førde proklamerte han opne styremøte for helseføretaket, men så langt har han ikkje sett desse planane ut i livet.

Helseminister Dagfinn Høybråten har gripe inn og bede føretaka opna styremøta frå nyttår. Først då vil Tore Thorsnes og Helse Førde følgje etter.

Eit godt utbygd offentleg helsetilbod er ein av grunnpilarane i den norske velferdsstaten. Fylkesavdelinga til journalistlaget ser difor med uro at strategiprosessar, som vil ha store konsekvensar for helsetilbodet folk flest i Sogn og Fjordane, er lukka for ålmenta.

Overføringa av sjukehussektoren frå fylkeskommunen til statlege helseføretak har gjort det vanskelegare å trengja inn i dei strategiske prosessane. Administrerande direktør i føretaket vert skjerma av ein informasjonsdirektør og styremedlemer kvir seg for å snakka om kva som skjer i styret.

Strategiarbeidet er no i sluttfasen. Sogn og Fjordane Journalistlag ber difor styreleiar Tore Thorsnes om å opna styredørene straks og å ta tak i sentrale personar i føretaket sine haldningar til fri informasjonsflyt.

Lars Kristian Solem , Leiar i Sogn og Fjordane Journalistlag

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING