Leiinga på reise landet rundt

(06.03.02) I løpet av nokre hektiske veker har NRKJ-leiinga reist frå nord til sør for å besøke klubbar og medlemmer. Tema på møta har vore lønnsforhandlingane.

NJ-folk frå Karasjok i nord til Kristiansand i sør har hatt besøk av Sigmund Raanes og/eller Leif-Kjartan Bjørsvik. NJ-leiar Olav Njaastad og faglig sekretær i NJ, Stein Svendsen har også vore med på nokre av besøka.

Målet med turneen har vore å informere om årets lønnsoppgjer og få tilbakemeldingar frå medlemmane. Økonomien i NRK har vore mager dei siste åra. Lønnsoppgjera har også vore dårlege for journalistane i NRK. Vi reknar derfor med at lønnsforhandlingane denne våren blir ekstra krevjande. Det er mellom anna store forventningar til eit godt resultat. NRKJ-leiinga fann det derfor riktig å besøke flest mogleg for å skissere problem og utfordringar. Fleire stadar vi har vore, har det blitt gode diskusjonar . Tilbakemeldingane frå samtlege klubbar er eintydig: Vi krev auka lønn! Denne bodskapen har vi i leiinga, forhandlingsutvalet og NJ-leiinga merka seg. Utfordringa vår blir å få NRK til å forstå det same.

Allereie under årsmøtet i oktober i fjor uttrykte den nye leiinga i NRKJ ønskje om å reise rundt til klubbane våre. Til no er 21 av 31 klubbar besøkt. Hovudtema har vore lønnsforhandlingar, men også andre tema har vore diskutert. Vi ønskjer å besøke alle klubbane våre, og vi har merka at dei som ikkje har fått besøk enno gjerne vil vi skal kome. Vi prøver å få til dette, men tid og pengar set nokre grenser. Reisene vi har vore på i vinter har latt seg realisere som følgje av velvilje frå NJ.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING