Lensmannen i Vindafjord fekk presseprisen

(18.09.08) Presseprisen i år går til lensmann Ingvar Gjærde i Vindafjord kommune.

Han byrja som politimann i 1974 på Stord. 

- Frå dag ein har eg prøvd å halda ein open dialog med pressa. Eg trur ikkje eg har mange fiendar der, fortel han.

Sidan 1979 har han jobba i Vindafjord. 

Gjærde bur i dag i Sandeid, men reknar seg sjølv som etnebu. 

- Det at eg må forhalda meg til pressa som eg gjer, det er veldig viktig. De skal skriva ein story, og den skal vera mest mogleg sann. Sidan eg har fått denne prisen håpar eg at eg har gitt noko tilbake, seier lensmannen, og legg til: 

 - Denne prisen tek eg til inntekt for ikkje berre meg sjølv, men til distriktet. Det er veldig bra den kjem frå dykk, for de er dei beste pennane i byen. 

 

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING