Han har både lærar- og journalistutdanning frå høgskulen i Volda. Ivar har vore journalist i 14 år, fyrst i Møre Nytt og Sunnmørsposten,
deretter ni år i Firda. Han har arbeidd fire år som lærar i grunnskule og vidaregåande skule og eitt år som loddefiskar i
Barentshavet.
Ivar Longvastøl fekk den fyrste Gulaprisen som vart delt ut, i 1997. Det er ein pris til minne om nynorskavisa Gula Tidend
L/L, som blir delt ut ein gong i året til ein journalist i Sogn og Fjordane eller Hordaland som har utmerka seg med framifrå
nynorsk journalistikk.
![]() |


