I 2006 vart det ikkje delt ut fotopris i Sogn og Fjordane journalistlag. Juryen fann rett og slett ingen kandidat som var god nok. For å gjere noko med dette har styret i journalistlaget no starta opp ein ny pris. Kvar månad kårar vi no det beste bilete.
| Kandidat til presseprisen Innan den 7. kvar månad skal kvar klubbleiar sende inn minimum eitt bilde som har vore på trykk i avisa/nettavisa. Fotoet skal sendast til adressa geir@inmedia.no . Styret plukkar ut ein vinnar blandt desse bileta. Dette fotografiet er automatisk kandidat til presseprisen 2007. Vinnaren får også sitt bilete innramma med teksten: "Sogn og Fjordane journalistlag, beste bilete, januar 2007." |
May Britt Eide sitt fotoprisbilete frå 2005. |
Har du eit foto du meiner bør vere ein kandidat, tek du kontakt med din lokale klubbleiar. Dersom du ikkje veit kven det er, finn du dei her.


