Møttest til tillitsråd

(18.09.08) Aldri har så mange blitt medlem i NJ som i 2007.

Nestleiar Kjetil Haanes i NJ prata om aktivitetar og utfordringar i fagforeininga. NJ har i dag 9.553 medlemmer. Medlemstalet auka med 347 i 2007. Historias høgste auke på eit år. 

 - Viss me held fram i same utvikling som no vil me i midten av 2009 passera 10.000 medlemmer. Då får me innstillingsrett til arbeidsretten. Me kan vera med og innstilla kven som skal vera dommarar der, fortel Ketil Heyerdahl i sekretariatet til NJ.

 - Då blir me også automatisk ein høyringsinstans, seier Kjetil Haanes.

 Kva skjer i NJ? 


  • Det er sett ned ei gruppe som ser på fotojournalistikken og fotojournalisten si rolle. I tillegg så blir det ein seanse i Oslo i mars, DOK 08, med kurs, seminar og workshop i forhold til fotojournalistikk. 
  • Det kan bli ein auke når det gjeld mellomleiarar. Det ser sett i gong eit prosjekt i NRK. Dei prøver å oppretta ein mellomleiarklubb. Eit viktig prosjekt, meiner Kjetil Haanes. 
  • NJ-skulen
  • Internasjonalt - har dagleg kontakt med journalistar som har problem. Dei siste dagane har NJ jobba veldig med ein dødsdømt journalist i Afghanistan. Der jobbar NJ med å skaffa advokat, og vil betala advokatutgiftene. 


  

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING