MANGEL PÅ FOLKESKIKK
Vi er kraftig provoserte over måten kringastingssjef John G. Bernander har møtt dei streikande i NRK på. Sjefane i NRK sentralt sender sjølve nyhendeoppdateringar kvar time. Dette er oppgåver dei ikkje har til vanleg, og vi meiner dette er alvorlege brot på dei køyrereglane som gjeld for lovleg arbeidskamp.
Journalistane i NRK Sogn og Fjordane som er organisert i Norsk Journalistlag gjekk ut i streik frå klokka 15 onsdag. Årsaka er at journalistane i NRK ligg heilt nede på 43. plass på lønsstatistikkane over norske medieverksemder. Samstundes er journalistane i NRK Sogn og Fjordane i snitt langt dårlegare betalt enn gjennomsnittet i NRK.
Leiinga kallar NRK den leiande medieverksemda i Norge. Det viser ikkje igjen på lønsstatistikken.
Leiinga i NRK krev stadig meir av dei tilsette. Vi må levere stoff til stadig fleire sendingar og medium samstundes som arbeidet skal gjerast av stadig færre.
Vi meiner det er arrogant av NRK å sende nyhendeopptaderingar kvar time, som til vanleg blir laga av tilsette som no er i streik.
Programma som blir sende bidreg berre til å øydeleggje produktet Bernander sjølv skryt av.
Bernander har også sendt innslag og program som Nj- organiserte journalistar hadde laga før dei vart tekne ut i streik. Dette bidreg til å skape eit inntrykk av at dei organiserte journalistane er streikebrytarar.
I sum viser dette ein bedriftskultur der køyrereglar for arbeidskamp og tilhøva for dei tilsette blir strekte og uthola. For oss alle som er glade i NRK må vi setje ned foten når vi opplever dette. Vi beklagar at Bernander ikkje har gangsyn nok til å følge køyrereglar som arbeidslivet har følgt i årevis. På same tid er vi glad for at vanleg folk no får høyre ekspempel på den bedriftskulturen som Bernander prøvar å innføre i ein stolt institusjon med lange tradisjonar.
Journalistane i NRK streikar ikkje i tide og utide. Sist vi var i streik var i 1993. Men dei siste 13 åra har vi stadig blitt hengjande etter. Vi har tidlegare fått lovnader om at NRK skulle vere mellom dei ti fremste på lønsstatistikken i mediebransjen. Kravet vi la fram under forhandlingane ville gjeve eit svært moderat løft. Sjølv med dette løftet ville vi vere milevis unna dei ti best løna bedriftene i medienorge.
Vi håpar inderleg at streiken blir kortvarig. Men då må Bernander vise litt folkeskikk og kome på bana med eit skikkeleg tilbod.
Terje Gilleshammer
Leiar for dei NJ-organiserte i NRK Sogn og Fjordane

