Magasinmedisin for Dagbladet

(03.02.06) Lars Helle snakka seg god og varm om Dagbladet si magasin-satsing under Stord-konferansen. (Foto: Harald Nordbakken)

Dagbladet har skapt seg si eiga vesle gullrekkje: Med fire magasin i tillegg til den vanlege avisutgåva skal lesarane vinnast, og opplagsnedgang gløymast.

- Me har vår eigen magasin-fabrikk med fire magasin. Me har det største miljøet på dette i Noreg. Dagbladet satsar så sterkt på dette for avisa såg eit behov for å fornya seg. Eg er overtydd om at me har gjort rett.

Lars Helle, redaktør for magasina til Dagbladet, var med på Stord-konferansen for å fortelja om avisa si satsing på desse redaksjonelle produkta. Redaktøren understreka tydeleg at han meiner at det ikkje er grunn til å hevda at journalistikken er blitt ufarleg og koseleg med satsinga på magasin.

- Me har både fått Skup-prisar og blitt nominert til Skup-prisar for journalistikk i magasin. Det viser at det blir gjort meget grundig journalistikk med kvalitet i magasina. Det er eit format som gir høve til å gi sakene fleire sider og journalistane får tid til å jobba grundig. Eg ser ingen farer for avisjournalistikken med magasina, snarare fleire arenaer å visa seg fram på.

I 1999 starta Dagbladet med sitt laurdagsmagasin, eit redaksjonelt produkt med eit laussal på om lag millionen. Sidan har Fredag kome til, Sport og Søndag.

I 2004 kom stor opplagsnedgang og generell marknadsnedgang for dei største norske avisene. Breibandet gjorde sitt inntog for fullt inn i dei norske heimane. Hausten 2005 kom konkurrentane VG og Aftenposten med sine magasin-satsingar. Helle ottast ikkje den nye konkurranse-situasjonen.

- Lesarstatistikkane syner at laurdagsmagasinet har halde på lesarane sjølv etter at VG kom med sitt magasin. Sjølv med opplagsnedgang på rundt 20 prosent for kvardagsavisene, held laurdagen og Magasinet på posisjonen.

I Dagbladet er det no kome inn det som kan kallast ein sterk magasin-kultur, ein konseptstyrt journalistikk. Magasina vert utforma av journalistar, desk og typografar i lag, kvar utgåve blir planlagt i samarbeid. Denne heilskaplege tenkinga på utforming ser Helle på som nøkkelen til suksessen Dagbladet har fått for sine magasin.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING