Maritim festaften

(13.09.07) Bli med og opplev ein maritim festaften i Florø 20.oktober. Det blir kunst, musserande vin, stemningsfull musikk, god mat, prisutdeling, dans og underhaldning i Haavebua på kaikanten i Florø. Nattespel blir det og.

Dersom du melder deg på haustsamlinga og årsmøtet til Sogn og Fjordane journalistlag får du oppleve ein maritim kveld i Florø.

Vi har sett saman ein festaften i kystbyen.


Start i Galleri Vee
Vi startar kvelden med eit glas muserande vin i Galleri Vee klokka 20.15. Så flyttar vi oss til Haavebua der middagen ventar oss klokka 21.00.

Middag Haavebua
I Haavebua serverer hotellet deg ein trerettar, og vi blandar i god stemning frå platedebutant Håvard Lothe og utdeling av pressepris, fotopris og gravestipend. Det er Florøværing Knut Magnussen som leier oss gjennom middagen.

Sosialt lag
Etter middagen blir det sosialt lag i Haavebua med dansbar musikk frå DJ Stian utover natta. Trond Øyre i Øyre lyd sørger for ei god oppleving av lyd og lys. I Haavebua er det servering til 0200, og opent til 0230.

Nattespel
Vi har også denne gongen tinga eit eige rom til nattespel. Informasjon om dette får du i Florø.

Velkomen til haustsamling 20.oktober!
Idium webpubliseringWEBPUBLISERING