Fredag 1. februar:
Småbrukarlaget i HJ samlast ( Spesielt tilbod til HJ-medlemmer i redaksjonar der me har 12 og færre medlemmer)
Kl. 17.30: Velkommen og innsjekk
Kl. 18.00: Er den faglege stoda for oss i småredaksjonar blitt forverra eller betra siste året?
Kva gjer NJ med dette?
Innleiingar ved Kjetil Haanes nestleiar i NJ og Ketil Heyerdahl fra sekretariatat i NJ
Kl. 18.45: Møkkagravar i klintango med kjelda?
Frilansjournalist Birgit Røe Mathisen har skrive masteroppgave i journalistikk om temaet. Ho fortel om sine funn. Avisene ho har undersøkt er nord-norske, men problemstillinga gjeld oss alle. Ho stiller provoserande spørsmål: Unngår me å ta i ubehagelege saker fordi det er så nær tilknytning til kjeldene? Driv me sjølvsensur når me skriv av same grunn? Droppar redaktørar saker fordi dei sit i det lokale Rotary saman med kjelda?
Kl. 20.15: Kven har drite på draget og presentert tekstreklame i spaltene, eteren eller på skjermen i året som gjekk?
Tekstreklameutvalet legg fram ferske døme
Kl. 21.10: Me et middag og har det gildt saman
Lørdag: 2. februar:
Kl. 10.00 - 13.00: Korleis opna stengde dørar og få ut dokument som makta vil halda løynde for oss.
Bjørn Brandt, redaktør i lokalavisa Norddalen, øvst i Gudbrandsdalen, held minikurs i denne kunsten. Han har lang røynsle og mange vellukka resultat å syna til. Han lærer oss praktiske knep og framgangsmåtar.
Kl. 10-13.00: Tillitsråd for klubbleiarar/kontaktpersonar og HJ-styret.
Aktuelle tema:
NJ's småredaksjonsutval. Kva skjer med vilkåra våre
Kva seier lønnsstatistikken
Stoda før vårens tariffoppgjer. Lo-leiar Roar Flåthen har alt varsla større streikefare/vilje enn på lenge for å berga AFP-ordninga.
Korleis ser NJ på opptakten til lønnsoppgjeret. Kva vil me leggja vekt på.
Aktuelle NJ-saker.
Stoda i klubbane våre. Me tar ein runde der kvar enkelt klubbleiar/kontakt presenterar sine heitaste tema.
NJ's nestleiar Kjetil Haanes blir med. Det gjer også Ketil Heyerdahl frå NJ's sekretariat.
Bruk ekspertane medan dei er midt i blant oss!
Kl. 13.05: Lunsj
Kl. 14.00: Kva kan me journalistar læra av forfattaren?
Den unge forfattaren Agnes Ravatn fra Ølen møter oss med innleiing og diskusjon.
Ravatn debuterte som forfattar i haust med boka " Veke 53 " . Ho har fått gode kritikkar.
Er journalisten for lite flink til å observera og stola på eigne inntrykk, eiga tolking og beskriving av kva me ser? Er me for ofte hekta på å sitera andre for ein kvar pris. Kor mykje kan journalistspråket bli betre? Kor e forbetringspotensialet størst? Korleis opplever forfattaren journalistspråket? Korleis jobbar forfattaren med språket og dramaturgien i storyen.
Kl. 15.00: Terra-skandalen.
Korleis kunne politikarane i Haugesund setja skattebetalarane sine innsamla millionar over styr? Kvifor oppdaga me det ikkje før?
Journalist Morten Hofstad i Finansavisen var den første, som skreiv om det som blei til Terra-skandalen. Korleis starta det. Korleis jobba han med saka. Kva bør me i lokale media læra av Terra-skandalen.
Journalistane Joar Grindheim og Hans Inge Ringodd i Haugesunds Avis har jobba med Terra- saka og deler med oss sine røynsler, mellom anna om kor vanskeleg det har vore å få ut informasjon frå Haugesund kommune i denne saka.
Bjørn Brandt, eksperten på utnytting av Offentlighetslova deltar i panelet.
Me jobbar for å få ein ansvarleg frå Haugesund kommune til å stilla i panelet .
Kl. 16.45: Journalistikk i alle kanalar på ein gong. Korleis blir kvardagen for multimedia journalisten?
Multimedia-spesialist fra NRK vil koma og innleia
Me jobbar også med eit par andre namn til denne bolken.
Kl. 17.45: Slutt på programmet før dagens lengste pause.
Kl. 19.30: Aper i tif
Kl. 20.00: Festmiddag
Utdeling av Presseprisen
Utdeling av Journalistprisane
Utdeling av Fotoprisane
Kl. 22.35: Vårt tradisjonsrike husband fra Skånevik Fjordhotel gjer comeback
Berre denne storhendinga aleine er grunn god nok til å dra til Skånevik første helga i februar.
Dans og moro
Søndag 3. Februar
Kl. 09.00: Frukost
Kl. 10.00: Vinnarane av Journalistprisane fortel om sine høgt verdsette arbeid, grep og utfordringar undervegs som me andre kan læra av.
Kl. 11.00: Juryen til Fotoprisane viser fram nominerte bilde og drøftar kvalitet og veikskapar ved gode bilde.
Kl. 12.30: Lunsj
Kl. 13.05: Klargjering for heimreis samstundes som medvitet om at det er eit heilt år til neste gong sig innover deltakarane.
NB: Dette er eit førebels programutkast, som kan bli endra på før me møtest i Skånevik. Føl difor nøye med på HJ's heimesider: www.nj.no/lokallag/haugesund
Eigenbetalinga set me til kr. 250 per deltakar.
Mange redaksjonar/arbeidsgivarar bør kunne betala dette, når programmet er så godt og nyttig.
Meld deg på snarast til Eli Osland: eli.osland@haugesunds-avis.no
Påmeldingsfrist er: Mandag 28. januar innan kl. 11.00.
Vel møtt til ei livgjevande journalisthelg i eit nyoppussa Skånevik Fjordhotel
Mvh
HJ-styret
v/Thomas Førde
95 88 63 76
Denne mail har blitt scannet av http://www.virus112.no
This e-mail has been scanned for viruses by http://www.virus112.no
Denne mail har blitt scannet av http://www.virus112.no
This e-mail has been scanned for viruses by http://www.virus112.no

