Meir enn ein streik

(01.06.06) – Avstanden var for stor, sa riksmeklingskvinna Merethe Smith onsdag då NRK-streiken starta. NRK-journalistane kravde same ferieordning som dei andre journalistane i Norsk Journalistlag (NJ). Slik startar dette lesarinnlegget frå leiaren av Sogn og Fjordane journalistlag.

Meir enn ein streik

 

– Avstanden var for stor, sa riksmeklingskvinna Merethe Smith onsdag då NRK-streiken starta. NRK-journalistane kravde same ferieordning som dei andre journalistane i Norsk Journalistlag (NJ).

– Avstanden var for stor, sa Smith. På tilbodet mangla det vel 4000 kr opp til NRK-journalistane sitt lønskrav. Dei NJ-organiserte i NRK har rasa på lønsstatistikken til NJ, og er nede på ein  43. plass. For å rette opp noko av ubalansen, kravde NRK-journalistane 16 000 i lønsauke i år. Faktum er at dette er alt for lite til å få denne gruppa særleg høgre på lista. Då burde kravet vore vesentleg høgare. Eg er ikkje i stand til å sjå den store avstanden det vert snakka om. NRK-leiinga burde brukt pengane til å bygge organisasjonen i staden for å sløse dei vekk gjennom ein lite gjennomtenkt streik.

Mekling skal berre skje mellom partar som ikkje vert samde. I dag er mekling regelen og ikkje unntaket, når NJ i dei sentrale oppgjera møter motpartane sine, om det så er aviseigarar eller NRK.

 Det partane driv med under dei reelle forhandlingane kan knapt kallast forhandlingar, i alle fall ikkje reelle.

NJ sine krav vert ikkje tekne på alvor.  Først når meklingsmannen gjer sin entré, byrjar det skje noko, men også då for lite.

NJ kjenner seg truga. NRK ser ikkje det viktige faglege arbeidet til fagforeininga. Dei nektar tillitsvalde å delta på møte med løn, slik praksis har vore. Denne streiken handlar om ryggrada til fagforeininga. NRK er ute etter å knekke den, og i framtida ha dårleg løna journalistar som dei kan skalte og valte med som dei vil, og bruke styringsretten nett som det passar dei. Det vil ikkje vi. Derfor kan dette bli ein lang streik. Det er på høg tid NRK-leiinga ser på NRKJ og NJ som ein reell forhandlingspart.

 

Jon Holsvik Sørland

Leiar i Sogn og Fjordane journalistlag

 



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING