Lønnssystemet:
Lønna skal heretter vere individuell. Når ein byrjar i NRK skal lønna fastsettast administrativt etter ei saklig vurdering. Ein får ein minstelønn som passar med ansienniteten. Fullført relevant utdanning gjev tillegg. Ein kan også få tillegg dersom ein har særskilt kompetanse for stillingen.
I tillegg skal det gjerast ei årleg lønnsvurdering av alle journalistar i NRK. Vurderinga skal vere basert på faglig dyktigheit, sjølvstende, arbeidsprestasjon, multifunksjonalitet, resultat i henhold til fastsette mål, og endringar i arbeidsoppgåver og ansvarsområde. 1/3 skal ha individuell lønnsregulering (av desse 1/3 stort tillegg, 2/3 lite tillegg). Storleiken på tillegga blir avtalt i lønnsoppgjeret. Den sjefen som skal gjere vurderinga og fordele tillegga skal halde møte med klubbleiinga før tildeling. På møtet skal partane legge fram synspunkt på prinsipp og detaljar om kven som skal ha tillegga. Etter at leiinga har fatta avgjerd, er det nytt møte mellom partane for å bli informert.
I tillegg til den årlege, tariff-festa vurderinga, kan leiinga gje administrativt tillegg til kven dei vil av våre medlemmer i avtaleperioden.
Med dette systemet meiner vi at vi har ei hand på rattet og at tildelingane skjer i kontrollerte former. NRK sitt første ønskje var at tildelingane skulle skje utan vår innverknad. Men gjennom forhandlingane fekk vi dei til å forstå at det er viktig at vi er med i prosessen.
Det blir slutt på automatisk opprykk på stigen anna kvart år. No blir det ein kontroll i staden for å sjå kor mykje du tener i forhold til minstelønna. Tener du mindre, blir lønna sjølvsagt justert opp. Minstelønna er altså eit tryggingsnett.
På toppen av individuell lønn kjem det som heretter heiter ansvarstillegg (vaktsjef, prosjektleiar og producer), ulempekompensasjon og overtid.
Ansvarstillegg:
Ei rekkje tillegg i dagens avtale er konverterte. Det vil seie at dei som har dei i dag, får dei med seg vidare (sjølv om dei eventuelt går ut av funksjonen ein gong i framtida). Men nye som går inn i tilsvarande funksjon får ikkje desse tillegga i framtida. Det er lokalkontortillegg, tillegg for sendeleiar tv, sendeleiar radio, medarbeidarar i tekst-tv og hovudverneombod. Tillegg for fleirspråkleg arbeid blir flytta frå Journalistavtalen og inn i arbeidstidsavtalen for Samiradio. Ei rekkje mindre tillegg er også konverterte (totalt om lag 30).
Då står vi igjen med vaktsjeftillegg, prosjektleiartillegg og producertillegg. Vaktsjeftillegget blir heva (etter initiativ frå NRK) til 40 000 kroner. Prosjektleiartillegget blir heretter på 20 000 og 40 000, etter omfanget av jobben ein gjer. Producertillegget blir 8000 som i dag. NRK ønska å utradere producertillegget, men vi sette mykje inn på å redde det, og lukkast med det. Hevinga av prosjektleiartillegget er også ein siger for NRKJ.
Ulempetillegg: Natt-satsen er no endra frå 45 prosent til 75 kroner timen. Omlegginga til kronesats kom etter vårt initiativ. Grunngjevinga vår var at det er enklare å administrere og halde oversikt over, både for oss og leiinga. Men vi er ikkje fornøyd med satsen på 75 kroner som NRK insisterte på. Dei som i dag tener mest kan kome til å tape på omlegginga, medan dei som tener minst kjem til å tene. Det er derfor laga ei ordning som seier at ingen skal tape meir enn 2500 kroner på omlegginga av nattsatsane.
Som følgje av at alle ulempetillegga no er krone-baserte, er det lettare å rekne ut kor mykje kvar enkelt skal ha i tillegg i året. Det blir derfor mogleg å få utbetalt ulempetillegga forskotsvis kvar månad, ikkje på etterskot som i dag. Ein positiv konsekvens av dette er at det blir færre skjema å fylle ut og/eller signere. Byte av vakter og eventuelle overtid skal sjølvsagt registrerast også i framtida.
Generelt om lønnssystemet:
Omlegginga er omfattande. Det kjem derfor til å ta tid før den er gjennomført, både praktisk og mentalt. Systemet vi har fått no liknar på det avisene har, dvs meir individuell avlønning. Det har vore system for individuell avlønning i NRK sidan 1998, men det har ikkje fungert godt nok. Individuell avlønning er i tråd med politikken til Norsk Journalistlag. Dei som jobbar i NRK i dag får gjort om lønna si slik at begrepa samsvarar med det nye systemet. Ingen skal gå ned i lønn som følgje av omlegginga.