Meklingsvake i Florø 2.juni: Vil ha pensjon og lønstillegg

(02.06.06) I Florø er det i kveld meklingsvake i Firdaposten. Fem journalistar følger spent med på signala frå Riksmeklingsmannen som meklar mellom NJ og MBL. Meklingsfristen er midnatt, og signala er gode. Men klarar ikkje Riksmeklingsmannen å få partane til å bli einige, blir det avisstreik. Då blir det slutt på papiraviser her i fylket.



- Vi vil ha tariffesta pensjon. Rett til å avtalefeste pensjonen lokalt. Rett og slett. Og vi vil ha eit lønstillegg på minst 7000 kroner. Det seier leiar for journalistklubben i Firdaposten, Jon Sørland.

Enorm streikevilje
Han er i kveld samla i redaksjonslokala til Firdaposten i Florø. - Signala frå meklinga er positive, så vi håpar å unngå streik. Men her er stor streikevilje dersom det blir nødvendig. Enorm faktisk, legg han til.

SPENTE: NJ-journalistane i Firdaposten er spente på resultatet av meklinga mellom NJ og MBL. Frå venstre: Harald J. Stavang, Dag Frøyen, Jon Sørland, Linda Regina Bruvik og Olav Hatlemark.

FØLG OPPGJERET HER: www.nj.no



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING