Kjære medlem.
Det stundar mot jul og nytt år. Her er ei oppsummering frå hovudkvarteret:
Høyringsfrist NJ org.utval:
Utvalet foreslår å formalisere NRKJ og eit par andre konsern i NJ-vedtektene. Dette blei mellom anna lagt fram på årsmøtet vårt i oktober. Landsmøtet i NJ skal vedta endringane i april. Dei klubbane i NRKJ som har meiningar om rapporten og innstillinga, må snarast melde frå til nestleiar Pål Hansen. Vi leverer ei felles høyringsfråsegn.
Oppfordring til å diskutere klubbstruktur :
På styremøte i byrjinga av månaden hadde NRKJ-styret ein generell diskusjon om organisasjonsbygging. Målet er at vi skal vere sterke i alle ledd. Styret sette mellom anna ned eit utval (som de har fått spørsmål frå) og vedtok å oppfordre klubbane på dei samanslåtte dka til å vurdere om dei er hensiktsmessig organisert. Vedtaket:
NRKJ-styret oppfordrer klubbene på de sammenslåtte dk’ene til å starte debatten om de er hensiktsmessig organisert i forhold til endringene i NRK de siste årene. Det er viktig å diskutere om dagens organisering gir oss best mulig innflytelse.
Noe av bakgrunnen for en slik debatt er at hovedavtalen gir arbeidsgiver rett til å be oss organisere vårt arbeid i henhold til bedriftens oppbygging. Så langt har ikke NRK krevd dette, men det er kommet flere hentydninger. Det kan bety et distriktskontor – en redaksjonsklubb. Derfor – start debatten lokalt. Hvilke erfaringer har dere og kan en sammenslåing eller annen organisering av klubbarbeidet være veien å gå ? På nyhetsdesken har allerede klubblederene startet arbeid med å utrede hva som er en hensiktsmesig organisering. Vi tar sikte på å utveksle synspunkter om denne saken på tariffkonferansen eller på klubbledersamlinga i vår.
Likestillingsutvalet:
Leiinga og foreiningane er samde om å sparke liv i likestillingsutvalet igjen. Eva Christine Hyge (Dagsnytt) var vår representant når utvalet var i livet. Har du forslag på ein person som kan representere oss i utvalet? Og kva saker bør utvalet engasjere seg i?
Vara verneombod:
Vararepresentanten for Hovudverneombodet går av med pensjon i mars. Egil Eikvil (Fakta, Program Oslo) er NJ`ar og har hatt vervet dei siste åra. Fagforeiningane peikar ut. Det er naturlig å tenkje at den som no blir vara etter kvart tar over for Hovudverneombodet. Har du forslag på kandidat?
Vara til valkomiteen:
Årsmøtet gløymde å velje vararepresentantar til valkomiteen. Erfaring viser at det kan vere nyttig å ha vararepresentantar. Styret diskuterte situasjonen og kom fram til at det er rett å peike ut representantar i "fredstid". Styret har derfor peika ut tre vara: Nina Einem, Torgeir Engen og Knut Haarvik.
Neste år:
Vi startar altså året med eit arbeidsmøte for styret. I slutten av januar dreg alle på NRKJ-kontoret på eit to dagar langt besøk på Tyholt. Det ser vi fram til! Er det fleire som vil ha besøkt? Datoar og opplegg for kurs kjem vi tilbake til etter styreseminaret. Ein plan for styremøta våre og tariffkonferanse og liknande kan du sjå her:
|
Dato |
Aktivitet |
Kommentar |
|
Fre. 3. desember |
Styremøte |
|
|
Tors.13 - søn.16 januar |
Styreseminar |
utlandet! |
|
Ons. 2 – fre. 4 mars |
Styremøte |
også kurs, tariffkonf + FU-møte |
|
Fre. 29. april |
Styremøte |
dagen etter NJ-landsmøte |
|
Man. 23 – ons. 25 mai |
Styremøte |
klubbleiarsamling. Kiel? |
|
|
|
|
|
|
|
|
Kontoret er bemanna til og med onsdag 22. desember. Leif-Kjartan og Pål er å treffe på mobil og på e-post. Ta kontakt om det er noe.
Takk for innsatsen i året som går mot slutten. Riktig god jul!

