Midnatt: Fare for streik

(31.05.06) Klokka har passert midnatt, og siste melding frå Riksmeklingsmannen er at det kjem til å ta enno eit par timar. På meklingsvaka har Terje no servert Pizza og leiaren i Sogn og Fjordane journalistlag, Jon Sørland, har vore innom og piffa opp stemninga.

- De må stå på, og bu deke på streik! No er det viktig å stå saman. Det sa leiaren i Sogn og Fjordane journalistlag, Jon Sørland, då han besøkte meklingsvaka i Førde tysdag kveld.

Han kom innom for å gi moralsk støtte, fortelje om sine erfaringar med streik og han informerte om streikefaren for avisene i fylket.

Terje Gilleshammer og Jon Sørland.

Meklingsvaka følger kveldsnytt klokka 23.00

 

Klokka 23 følgde meklingsvaka spent med på siste nytt frå Riksmeklingsmannen. Men enno var det lite nyheiter om den spennande meklinga.

Heller ikkje då fristen gjekk ut ved midnatt kom det nyheiter frå kontoret der forhandlarane til NRKJ og NRK sit.

Meklingsvaka i Førde er no avslutta. Men vi følger oppgjeret utover natta. Følg med på nettsidene våre! Og på www.nj.no/nrk


Per Kristian Grimeland og Mari Stephansen får seg litt meklingsmat.


Idium webpubliseringWEBPUBLISERING