Av Silje Midttun
Landsstyret si innstilling under punktet om frilansarar i NJs tiltaksplan vart ikkje tfordra av Landsmøtet. Dermed har eit einstemmig Landsmøte sagt at:
* NJ skal
leia frilansarane sin kamp mot kutt i honorar og krav om overføring av
bruksrettane til oppdragsgjevar utan vederlag.
* NJ skal samarbeida med dei tilsette sine tillitsvalde for anstendige vilkår
for frilansarane.
* NJ skal arbeida for at frilansarane vert honorert tilsvarande eit
gjennomsnittsnivå i redaksjonen gjennom bruk av frilanskalkulatoren.
* NJ skal arbeida for å etablera kollektive avtalar som sikrar frilansarane
sine rettar.
![]() |
FJ-ere på NJs landsmøte 24. til 26. mai. Fra venstre foran Sidsel Skotland, Silje Midttun og Greta Dalen. Bak fra venstre Toralf Sandåker, Jørn Wad, Sigurd Aarvig, Hans-Gunnar Skarstein, Cecilie Kult, Albert H. Collett, Guri Haram og Inge Ove Tysnes. Foto: Jan Erik Skau
Best ever
- NJ-Landsmøtet 2011 vart eit «best ever» målt med frilansauge. For første gong er frilanssakene inne på NJ sin tiltaksplan,
noko som
vil bety at landsstyret og leiinga i NJ vil forsterka innsatsen i samband med kampen for opphavsretten. Dette vart ein milepæl
for frilansarane sine kampsaker, seier ein strålande nøgd FJ-leiar Jørn Wad.
Han fortel vidare at FJ sine medlemmer over noko tid vil sjå eit sterkare fokus frå heile organisasjonen på opphavsrett og
frilanshonorar. Frå toppen i NJ og til kvardagen i den enkelte redaksjon.
- Men det er klart det tek tid. Ei av oppgåvene vert å kursa NJ-organiserte mellomleiarar i bruk av Frilanskalkulatoren, slik at dei har betre verktøy både for å honorera frilansarar, men også til å argumentera for det i redaksjonane, seier Wad.
Debatterte med Sannum
![]() |
Jørn Wad (til høyre) debatterer med Aller-direktør Tore Sannum. Foto: Inge Ove Tysnes
Frilansarane sine kår var ein av tre debattar onsdag føremiddag. Her møtte Jørn Wad og NJs nestleiar Thomas Spence Aller-direktør Tore Sannum. Sannum fortalde at 160 frilansarar har skrive under på Aller-kontrakten, og at han gjerne tek eit nytt møte med NJ for å vurdera erfaringane så langt og for å diskutera vegen vidare.
- Debatten vart ein spennande affære. Sannum kom til NJs landsmøte for å fortsetja dialogen – ikkje for å gulpa opp fasttømra
standpunkt, slik ein kunne ha frykta. Eg opplevde at han var søkande og positiv, sjølv om han ikkje overraskande sto på dei
posisjonar Aller tidligare har meldt. Om me får til nokre forbetringar i Aller-kontrakten veit vel ingen akkurat no. Men Aller
har utmerka seg blant konserna, ved at dei har ynskja dialog, og endra innhaldet i sine kontrakter på bakgrunn av denne
dialogen. Me er langt frå i mål enno. Men så lenge me snakkar saman, er det håp om forbetringar, seier ein håpefull Wad
Interesse frå fast tilsette kollegaer
Etter plenumsdebatten var det klart for rundebordsdiskusjonar om frilansutfordringane. Landsmøtet var fordelt på 15 rundebord der debatten gjekk livleg for seg, og FJs delegatar melder om stor interesse frå våre fast tilsette kollegaer.
- Responsen var både positiv, interessert og lyttande, slik heile dette landsmøtet har vore for oss. Engasjementet hos dei fast tilsette kollegaene var det ingen ting å seia på. Det blir utruleg spennande å sjå fortsetjinga, seier Wad.
Trym-prisen til Bækkevold
Også under festmiddagen onsdag kveld vart arbeidet dei tillitsvalde i FJ legg ned lagt merke til. FJs Jeanette Bækkevold var
ein av fire mottakarar av Trym-prisen, NJs pris for tillitsvalde som har gjort ein ekstraordinær innsats.
”For frilansarar er arbeidet som tillitsvald både meir kostbart og risikabelt enn for tilsette med klubb og avtalar i ryggen.
Trass i denne personlege risikoen har Jeanette uredd kasta seg inn i kampen som forsvarar for ALLE frilansarar sine rettar,
bygd opp ein tillitsvaldstruktur i konserna og sjølv gått foran med ei prinsippfast haldning i forsvar for fotografane sine
rettar,” skriv juryen i si grunngjeving.
![]() |
Jeanette Bækkevold. Foto: Inge Ove Tysnes
- Eg vart veldig glad og rørt over prisen, sjølv om eg sjølvsagt veit om veldig mange fleire som fortener den. Eg vel difor å dela æra med dei andre tillitsvalde i FJ, som alle gjer ein super innsats. Dette er dugnadsarbeid, seier Bækkevold, som diverre låg intetanande og sjuk heime på sofaen då prisen vart delt ut. Først då gratulasjonane tikka inn på Facebook skjønte ho at noko hadde skjedd.
- Prisen motiverer. Å vera frilansjournalist og tillitsvald utgjer ein ekstra risiko fordi ein ikkje har det støtteapparatet som ein fast tilsett har i ryggen. Å bli sett og sett pris på er difor utruleg hyggeleg, og det motiverer meg til å jobba vidare for FJs medlemmer. Dessutan er det alltid kjekt med ein pris. Hurra, jublar Jeanette Bækkevold i FJ-styret.
FJ i landsstyre
- Eg skal sjølvsagt kjempa for at dei sakene Landsmøtet no har løfta fram på frilanssida, verkeleg vert prioritert og gjennomført.
Men eg trur ikkje dette vert ein tøff kamp, for Landsmøtet har sendt tydelege signal. Samstundes er det jo slik at ein ikkje
vert valt inn i landsstyret berre for å kjempa for eigne interesser. Ein er heile organisasjonens tillitsvalde, og det er
eg audmjuk i forhold til. Det vert også viktig å jobba for midlertidig tilsette, heving av lønna til dei fast tilsette, og
ikkje minst jobba for eit betre arbeidsmiljø,
seier Jørn Wad.





