NRK klagar på Helse Førde

(21.04.04) NRK Sogn og Fjordane har klaga Helse Førde inn for Helsedepartementet. Årsaka er at helseføretaket hemmelegheld tre av søkjarane til direktørstillinga.

Helse Førde har nytta seg av rekrutteringsselskapet Mercuri Urval i tilsettingsprosessen av ny direktør, og i samråd med selskapet var dei samde om at tre av totalt sju søkjarar skulle takast vekk frå den offentlege søkjarlista.

Opprinneleg hadde fire av søkjarane bedt om å blit untatt offentleg innsyn, men Helse Førde fann altså ut at for ein av desse ville dei ikkje imøtekom ønskjet om hemmeleghald. Dette har ikkje NRK Sogn og Fjordane slått seg til ro med, og no er saka oversendt Helsedepartementet.

 

 

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING