NRK-folk på flyttefot

(21.08.04) Nokon kjem og andre går i NRK Sogn og Fjordane. Fleire har i løpet av den siste tida flytta på seg og fleire er på flyttefot..

Mangeåring TV-fotogfrag Ragnvald Søgnesand har slutta i NRK Sogn og Fjordane for å bli lærar på medielinja ved Sogndal Vidaregåande skule. Frode Søreide skal ha eitt års permisjon fra jobben i NRK Sogn og Fjordane, og melder overgang til NRK Hordaland. Samtidig kjem Stian Sjursen tilbake frå NRK Hordaland og heim til NRK Sogn og Fjordane. Jorunn Eikenes har tatt permisjon for å arbeide ved folkehøgskulen på Sandane. Idun Husabø Andersen er reist til Kina for å vere lærar i eitt år.

Har du nytt om namn frå din redaksjon; kontakt frode.soreide@nrk.no



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING