NRKJ treng eit nytt hovud

(01.09.06) Vi er på jakt etter ein person som klarer å ha ti tankar i hovudet og to samtalar gåande samtidig!

Nei, ingen grunn til å bli skremt.

NRKJ treng ny organisasonssekretær sidan Bente Skjerven har bestemt seg for å slutte.

Organisasjonssekretæren sitt hovudansvar er å drifte NRKJ-kontoret. Døme på oppgåver: rekneskap, medlemsregistrering, praktiske oppgåver knytta til kurs, styremøte osv. Organisasjonssekretæren inngår i team med leiar og nestleiar som saman hjelper klubbar, tillitsvalde og enkeltmedlemmer. Desse tre har også kontakten med NRK.

Vi lovar at du får ein lærerik jobb, mange utfordringar og eit spennande miljø. Dersom du har lyst, eller veit om nokon som kan vere aktuelle kandidatar, ta kontakt med nestleiar Pål Hansen på epost eller mobil 958 88 862.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING