Ein spennande debatt om nettaviser vil erstatta papiravisene i framtida, sette punktum for årsmøtet i Haugesund journalistlag 27. oktober. Kjetil Skrunes i Stavanger Aftenblad meiner me er i byrjinga av noko stort. - Det kjem snart ein netteksplosjon, meiner han.
Av Nils-Tore Sele
I løpet av dei siste ni til ti åra har det skjedd mykje på internett for norske aviser, og spesielt for avisa til Kjetil Skrunes, Stavanger Aftenblad. - Det meste har faktisk skjedd dei siste tre åra. Nettet er i vekst. Eksplosjonen kjem snart no, med utvikling av stadig fleire tenester for lesarane våre. I framtida vil brukarane berre bli meir kravstore. Om me kan levera tenestene dei vil ha av oss fort nok, er det som blir avgjerande, meinte nettredaktøren i Aftenbladet.
Andre debattantar som diskuterte framtida for papiravisene i konkurranse med internett etter årsmøtet i Haugesund journalistlag, var redaktør Hans Hjellemo i magasinet Kampanje, Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser og redaktør Lars Mæland i Bladet Sunnhordland. Sistnemnde er redaktør i ei av få lokalaviser som enno ikkje har vågd steget fullt ut med å laga ei avis på nett.
- Me klarar oss godt. Når eg ser mange av dei dårlege nettavisene som er ute, så er eg ikkje så sikker på om me skal leggja oss ut på nettet utan dei naudsynte ressursane for å gjera jobben godt. God journalistikk kostar. Også på nett. Alt for mange aviser gjer ein dårleg jobb med sine nettutgåver, sa han og viste til Haugesunds Avis si nettutgåve som døme på ei avis på nett med dårleg oppdatering.
Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser trur ikkje at nettet vil danka ut den gode gamle papiravisa. - Alle nye medier kjem i tillegg til papiret, og det viser seg at papiravisa står sterkt, framheva han. Hetland trur like fullt det vil skje ei spesialisering, med eigne journalistar som skriv for nettaviser. - Ein papirjournalist gjer ikkje denne jobben godt nok.
Hans Hjellemo i magasinet Kampanje trur også at lokalavisene vil stå sterkt framover. - Nettopp på grunnlag av identiteten og nærleiken. Hjellemo understreka dessutan at papiravisene ville ha lite å frykta frå nettet så lenge dei greier å generera store inntekter frå annonsemarknaden som no. Like fullt peika Hjellemo på noko han såg som eit veikt teikn ved dei fleste norske aviser med nettutgåver. - Dei blir redigert som ei papiravis, poengterte han.
- Lokalavisene vil leva godt i framtida også på nettet, dersom dei skjøttar sin eigen heimeteig godt, og passar på lokalmarknaden sin, sa nettredaktør Skrunes avslutningsvis under debatten.
Denne mail har blitt scannet av http://www.virus112.no
This e-mail has been scanned for viruses by http://www.virus112.no

