Nettverksbygging i Stockholm

(27.07.10) Samarbeid. Det er stikkordet for årets nordiske frilansseminar. Kanskje finn du den perfekte jobbpartnaren i Stockholm? Og Kim Hall vil fortelja om svensken, dansken og nordmannen. Skund deg til www.nordicfreelance.com for påmelding.

Helga 3. - 5. september vil det myldra med frilansarar rundt Karlaplan i Stockholm. Du har enno nokre dagar på deg, men 1. august er siste frist for påmelding dersom du ynskjer å overnatta på seminarhotellet. Dei som ordnar overnatting sjølve, kan melda seg på fram til 23. august.

Jobbdating
Når du melder deg på nordisk seminar i år, fyller du også ut eit skjema med dine interesseområde som journalist og kva type samarbeid du kan tenka deg med andre kollegaer. Første seminardag får du profesjonell hjelp til å finna din frilansmatch. Kanskje blir det starten på eit fruktbart samarbeid om nye prosjekt?

Smarte verktøy
Samarbeid vil vera den raude tråden gjennom heile helga i Stockholm. Frilansjournalist Leo Nordwall vil visa korleis verktøy på nett kan letta samarbeidet for frilansjournalistar som sit i kvar sin by. Ta med deg ein laptop og prøv verktøya undervegs i førelesninga.

Dansken, svensken og nordmannen
Frilansjournalist Kim Hall kjem for å snakka om Skandigration. Dansken, svensken og nordmannen er naboar, men veit kanskje ikkje så mykje om kvarandre som me trur. Kulturelle skilnader i korleis me jobbar, forhandlar og tek avgjersler kan føra til misforståingar. Viss me berre lærer å forstå kvarandre, kan samarbeidet mellom dansken, svensken og nordmannen bli reine dynamitten.

Redda av godt nettverk
Prisvinnande fotojournalist Pieter Ten Hoopen kjem for å fortelja om sitt samarbeid med skrivaFrilansjournalist Fredrik Gertten fortel om sin dokumentarfilm BANANAS!nde journalistar. Frilansjournalist Fredrik Gertten fortel om sin dokumentarfilm BANANAS! og om korleis han overlevde søksmålet frå amerikanske Dole på grunn av eit godt nettverk og ei god forsikring. Les meir om det spennande programmet for årets nordiske seminar på www.nordicfreelance.com

Vis fram bøkene dine
Dersom du skriv bøker, er dette ein glimrande stad å marknadsføra seg. Gje beskjed til dei svenske arrangørane, så set dei opp eit bord der du gratis kan visa fram ditt/dine verk. Gå heller ikkje glipp av den tradisjonelle nordiske brännboll-kampen fredag kveld. Her er det duka for mange gode, nordiske minner.



Idium webpubliseringWEBPUBLISERING