Vi veit at det er mange journalistar der ute som føler at det vert for lite høve til gravande journalistikk i jobben. Aldenstipendet
kan gje deg høve til frikjøp frå jobben slik at du kan gå eit tema nærare etter i saumane. Elles er det sjølvsagt lov å søkje
på alle typar prosjekt som fell innafor vedtektene til stipendet:
Eit ope stipend
Det vert i utgangspunktet delt ut fem stipend. Hovudregelen er at dei som leverer bidrag til den nyaste Årboka for Sogn og
Fjordane kan søkje på stipend. Nytt av året er at eit av stipenda er ope for alle medlemmer av Sogn og Fjordane Journalistlag.
Det betyr at dersom juryen finn ein søknad på ”ope stipend” god nok, kan det delast ut eit stipend til ein ikkje-bidragsytar.
Dette er eit prøveprosjekt som skal evaluerast på neste årsmøte.
Hugs å merke søknaden din dersom du ikkje er bidragsytar med at du søkjer på ”ope stipend”.
Søknadsfristen er 15. februar.(utvida til 22.februar)
Send søknaden til
Geir Arne Solheim
Sekretær SFJ
geir@inmedia.no

