Nordbakken vann med "12. mann på laget"

(31.01.06) Glade vinnarar av fotoprisen saman med sine beste bilde. Silje Andvik Hosaas og Harald Nordbakken. (Foto: Per Egil Larsen)

Harald Nordbakken, fotograf i Haugesunds Avis, vann fotokonkurransen til Haugesund Journalistlag.

Nils-Tore Sele

Førsteprisen i fotokonkurransen, ein sjekk på 3.000 kroner, vart delt ut under festmiddagen på Stord-konferansen laurdag 28. januar.

Harald Nordbakken vann med sitt suverene portrett av gutelaget som får lov å spela med 12 mann på banen. 12. mann har Downs syndrom.

Fotoet er eit motiv med nettopp 12. mann i sentrum, der han viser ekte glede og engasjement, med resten av laget samla rundt seg.

- Dette er eit bilete som står opp av marka. Det har kraft og engasjement. Det er rett og slett eit godt foto, sa juryleiar for konkurransen, fotograf Knut Strand, BT, under utdelinga.

I alt 25 fotografi vart sende inn til konkurransen av både fotograferande journalistar og pressefotografar. 10 av fotografia var så gode at dei vart plukka ut til ei utstilling som hang framme i dei lokala som Haugesund Journalistlag disponerte på Stord Hotell i løpet av Stord-konferansen. Det nye med konkurransen i år var at også pressefotografar kunne delta.
Idium webpubliseringWEBPUBLISERING