Skund deg, finn fram alle dine gode bilde, reportasjar og artiklar, TV- og radioinnslag fra 2008
Juryane for HJ's Journalistpris og Hj's Pressepris står klar til å ta imot
Ny Frist for innsending av bidrag er 1 9 . januar kl. 12.
Prisane skal delast ut under
å rets største hending i Haugesund Journalistlag :
å rets største hending i Haugesund Journalistlag :
Vinterkonferansen i Skånevik helga 30. januar (fredag) til 1. februar (søndag)
Både Fotoprisen og Journalistprisen er på kr. 5000.
Kven kan delta?
Alle medlemmer i HJ kan senda inn sine beste bidrag til vurdering hos juryen.
Til Journalistprisen ønskjer juryen bidrag frå avis-journalistar, nett-journalistar, radio- og fjernsynsjournalistar. Vidare ønskjer juryen bidrag
av både nyheitsarbeid og feature-produkt.
Sekretær for juryen, som skal kåra vinnaren eller vinnarane av Journalistprisen er Torstein Nymoen. Bidrag kan sendast til
hans e-postadresse: torstein.nymoen@h-avis.no
Til Fotoprisen har det årleg kome inn gledeleg mange bidrag dei siste åra. Her har juryen gjort det enkelt slik at alle, både spesialiserte
fotografar og allroundjournalistar/fotografar tevlar i same klasse. I fjor hadde me ei særs vellukka og flott opning av fotopriskåringa
med utstilling av dei 10 beste bileta på hotellet i Skånevik.
Ta difor ein gjennomgang av fotoarkivet på PC'en din frå det siste året og send inn dine beste bilde til juryens sekretær,
Harald Nordbakken. harald.nordbakken@h-avis.no.
Kvar innsendar kan delta med maks 5 bilde.
Hugs: Ver nøye med å merka alle innsende bilde med ditt namn.
Her finn du lenke tilvedtektene for HJ's Journalistpris og HJ's Fotopris
Desse vann prisar i Skånevik i fjor:
Mvh
Styret i Haugesund Journalistlag
Thomas Førde

