Av Abelone Ågotnes Eiklid, Hallingdølen
«Hallingdølen har høg kvalitet på journalistikken», står det i omtalen.
Vidare heiter det mellom anna at sakene er godt gjennomarbeidde, og at «avisa har lokale leiarartiklar i kvar utgåve og slik er med på å skape lokal debatt – noko som er positivt».
Stadfesting
Veldig gledeleg og oppmuntrande, synest Hallingdølen-redaktør Bjarne Tormodsgard. – Å få heiderleg omtale er ei stadfesting på at det me driv med er bra, sjølv om alt kan bli betre.Hallingdølen har delteke i LLA sin konkurranse dei siste fire åra. To gonger har avisa fått prisen for årets fyrsteside, og i 2005 vart Hallingdølen årets lokalavis.
I år vart avisa Øyene årets lokalavis. Den kjem ut i Nøtterøy, Tjøme og delar av Tønsberg ein gong i veka, og har eit opplag på rundt 4300. I tillegg til Hallingdølen, fekk også Svalbardposten og Saltenposten heiderleg omtale. Årets fyrsteside gjekk til Svalbardposten.
Inspirasjon
– Me var veldig nære å bli årets lokalavis att. Det gir inspirasjon til å bli endå betre, og satse endå meir mot neste år, seier Tormodsgard. Han synest kvaliteten på lokalavisene generelt er svært bra. – Det blir jobba godt mange stader. Det er ikkje tilfeldig at lokalavisene er dei som klarar seg best i ein stadig tøffare avismarknad.
Samla sett har lokalavisene opplagsvekst for sekstande året på rad, medan mange av dei store riksavisene slit med kraftig nedgang.
![]() |
Gledeleg: Redaktør i Hallingdølen, Bjarne Tormodsgard, synest omtalen inspirerer til å bli endå betre. Her med desksjef Embrik Luksengard (i midten) og typograf Jarle Stanes. (Foto: Abelone Ågotnes Eiklid)



