Ny journalist i Ytre Sogn

(30.03.04) Bjarte Øvrebø frå Jølster er tilsett i eit vikariat som journalist i avisa Ytre Sogn i Høyanger.

Øvrebø er 52 år og har jobba som freelancer for Dagbladet og i ein rekke år vore vikar i avisa Firda. Han bur i dag på Sandane og vekependlar til Høyanger.

- Høyanger har overraska meg. Eg har alltid trudd det var ein skitplass, men då eg kom hit fann eg ein fin og koseleg stad med positive menneske, seier den nytilsette journalistvikaren i avisa.

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING