![]() |
Heidi Fagna(t.v) (26) har jobba i NRK Sogn og Fjordane sidan januar 2006. Ho er programleiar for dei ulike sendingane på radio, og jobbar stundom også som reporter og nyheitsopplesar. Ein sjeldan gong er ho også å finna i internettavdelinga.
Heidi tek over etter Roy Rassholm Fauske som har vore klubbleiar i to år. Med seg i styret for redaksjonsklubben NRKJ Sogn
og Fjordane har Heidi: Hege Holm, Trude Bakke, Roy Raasholm Fauske og Stein Aase. Vararepresentantar er Brit Jorunn Svanes,
Synnøve Aasland og Terje Gilleshammer. Redaksjonsklubben i Sogn og Fjordane har 32 medlemmer.
Sigrid Heggestad (31) frå Stryn har teke over som klubbleiar i Fjordingen etter Harald Vartdal. Ho har arbeidd som journalist
i lokalavisa i Stryn i fem og eit halvt år. Dei siste åra har ho vore nestleiar i klubben. Før ho returnerte til heimbygda
og Fjordingen, arbeidde ho eitt år i Sogn Avis ved avdelingskontoret på Årdalstangen. Heggestad er utdanna cand. mag. ved
Universitetet i Bergen med faga sosiologi, historie, informatikk og engelsk, og har teke storfag i historie ved Høgskulen
i Volda.


