1. oktober kom Bjarne Tormodsgard (51) attende til Hallingdølen som ansvarleg redaktør etter eitt års permisjon. I den tida arbeidde han på desken i Bergens Tidende. I hans fråvere fungerte Håvard Folkedal (60) som redaktør. Han gjekk attende til stilling som skrivande journalist frå same dato.
Heidi Molstad Andresen (38) kom attende 1. september etter eitt års permisjon i Dagbladet. Ho sa opp stillinga si i Hallingdølen og slutta ved nyttår. Kjersti Elverum Kvile (25), som vikarierte for Molstad Andresen, er no tilsett i fast stilling i Hallingdølen.
Abelone Ågotnes Eiklid (21) kom til oss i eit vikariat for Håvard Prestegården (29), som slutta sist sommar. Ho held fram i engasjementsstilling fram til sommaren.
Erlend Hagen (47) er tilsett i 60 prosent stilling som prosjektansvarleg for Hallingdølen si nettsatsing. Ei heilt ny nettløysing vil bli lansert i løpet av våren. Erlend Hagen er også Avis i skolen-kontakt. Inneverande skuleår arbeider han i 40 prosent stilling ved Gol vidaregåande skule.
Hallingdølen på nett: www.hallingdolen.no


