Tonning ønskjer at publikum skal få eit meir korrekt bilete av det FO driv med. Skal det skje må også journalistane ha meir kunnsksp om barnevernet.
Det kan høyrest ut som ein bagatell, men berre små ord kan verke sterke på ein barnevernspedagog som opnar avisa ein morgon. Når det står at eit barn hamnar i ein fosterheim, er det riv ruskande gale. Det er ingen som hamnar nokon stad. ? Borna vert flytta til eller plasserte i ein barneheim etter grundige vurderingar. Det er ikkje noko tilfeldig som skjer, forsikrar Tonning.
Sjølvsagt er det vanskeleg for ein journalist å stole på kva ein barnevernpedagog seier, når ein barnevernpedagog ikkje kan seie noko som helst konkret i einskilde saker. Kommunikasjon er likevel viktig, og på generelt grunnlag kan faktisk barnevernet seie ganske mykje.
- Vi er lei av å verte kalla barnerøvarar, maktsjuke og pengesløsarar. Det speglar i alle høve ikkje att røynda, forsikrar Tonning.
Slike bilete kan verte skapt i media på grunn av manglande kunnskap og forståing for journalistane. Difor ønskjer Tonning å rive ned skiljeveggane mellom barnevernspedagogane og journalistane. Teieplikta er svært streng for barnevernspedagogar, og då er sjølvsagt mange skeptiske til å uttale seg. Her må barnevernet verte tryggare på kva dei kan seie, og også vere flinkare til å kontakte media på generelt grunnlag.
- I einskilde tilfelle kan ein faktisk snakke ?off the record? for å verifisere om ting er sanne eller usanne. Her oppstår det eit tillitsband mellom barnevernpedagog og journalist. Journalisten må sjølvsagt vedta sjølv om han eller ho ønskjer å motta slik informasjon som ein ikkje kan nytte, forklarer Rita Tonning.
Slik informasjon kunne Ronny Iden ved Fjordane politikammer også verifisere at dei nyttar, dersom det er hensiktsmessig for saka.
- Det kan ofte vere nyttig for ein journalist å få informasjon på denne måten, slik at ein får eit betre inntrykk av saka, meiner Iden.
- dette er ikkje noko vanleg praksis i barnevernet. Men ein ting er sikkert. Vi skal aldri seie ?ingen kommentar?. Vi kan alltid seie noko generelt. Det kan jo også hende at det skadar klienten at vi er tause, og det vil vi ikkje, seier Tonning.

