Ved ein tilfeldighet har vi oppdaga at årbokavtala er svært lovstridig slik den står, og vi har fått strenge påpakningar frå advokat i NJ om å slutte med dagens praksis.
NJ, korkje sentralt eller lokalt, har mandat til å lage avtaler som regulerer folk sin opphavsrett ut over presse- og etermedier. Lova er klinkande klar på at pengar frå sal av bilete til boka skal gå til kvar enkelt.
Forskjellen frå dagens praksis vert då følgande:
- Årsmøtet må evt. gje laget mandat til å forhandle om pris og vilkår for levering av bileter til årboka
- Kvar enkelt har anledning til å reservere seg mot publisering, men må gje beskjed om det på årsmøtet.
- Avtalene kan berre gjerast for eit år i gangen
- Prisen skal, ifølge journalistavtala spegle ”reell markedspris”. Det blir opp til årsmøtet å definere dette.
- Prisen må setjast som ein pris for kvart enkelt bilde som nyttast, ikkje om ein ”pakkepris” slik som tidligare.
- Selja er i sin fulle rett til å velje kva or kor mange bilete som skal nyttast, men lyt betale ut i etterkant for brukte bileter.
- Ingen av pengane må gå gjennom laget. Det betyr at vi ikkje lenger kan dele ut stipend eller styrehonorar ut over det NJ sentralt godkjenner.
- Underteikna sin habilitet i ein forhandlingssituasjon må diskuterast av årsmøtet.
- Dersom vi vil dele ut eit stipend må vi ta dette inn som ein ekstraordinær, lokal kontingent, slik at det er pengar som er skatta av og betalast likt av alle. Dette må avgjerast av årsmøtet.
- Det blir den enkelte sitt ansvar å:
- melde inn kontonummer for utbetaling
- sørge for at bileta kjem Selja i hende. (Dette har tidligare vore klubbleiar sitt ansvar)
- berette inntekta og evt. skatte av den dersom beløpet vert skattepliktig, på lik linje med sal av bilete til andre publikasjonar. Dei som har eige firma sender i staden faktura som dei pleier.
Vi lyt difor kalle inn til ekstraordinært årsmøte der vi diskuterer dette teamet. Sidan årboka for 2010 allereie er i produksjon må dette gjerast relativt snart. Det vert sendt ut innkalling så snart vi har kontroll på mailinglistene.
på vegner av styret i Sogn og Fjordane journalistlag,
Bent Are Iversen, leiar

